Eg sit på mitt 9 kvadratmeter store soverrom, i ein ergonomisk stol eg kjøpte på halv pris, og lagar musikk . Ofte sonar eg heilt ut, og viss eg er smart, har eg lagt mobiltelefonen i stova. Eg elskar å sette saman lydar, og rare, kule eller enkle vanlige ord som blir til setningar eg sjølv ikkje forsto augeblikkelig, men som plutselig gir meining. Framføre det på ein måte bare eg får til. Uforutsigbare falsett melodiar med svevande effektar. Ingenting gir meg ein kraftigare følelse av å gløyme tid. Eg malar eit kunstverk som bare er mulig å høyre. Men eg håpar du ser for deg nåke. Eg føler meg trygg aleine med musikken min. Kanskje du og gjer det.

Etter 7 år med eksperimentering føler eg at eg klart å skape noko som føles orginalt og mitt. Det er ein raud tråd der. Både musikalsk og tekstmessig. Eg leikar meg meir no. Eg stolar på tilfeldighet og intuisjon. Det bare skjer.

Ei vestlandstolking av Pinkpantheress høyres ut som det eg driv med idag, og det siste året.

Rimmslim - kanskje verdens kulaste og eklaste alias. Det e meg.
Eg skal ikkje daude med musikken inni meg.

Mvh Rimmslim
Ha ein fin dag